© Enst Furuhatt

Blir du med på rusletur i gjenreisingsbyen Bodø?

Bodø fall som offer for bombene i 1940, og måtte byggast på nytt, i ein variant av av modernismen vi gjerne kallar gjenreisningsstilen. Steinar Aas, professor i moderne historie ved Nord Universitet i Bodø, tek oss med på vandring gjennom dei enkle, moderne linjene i arkitekturen i Bodø.

Visste du at Bodøs sentrum nær vart utsletta av tyske bombefly i slutten av mai 1940? I Bodø og ein del andre nordnorske byar og tettstader vart ein derfor nøydd til å gjenreise store delar av bysentrum etter krigen. Det førte til at mange norske byar fekk ein særeigen arkitektur, ein gjenreisningsstil. Trass i stor vekst i etterkrigstida i Bodø og mange endringar i byrommet etter krigen finst det spor etter gjenreisningsbyen Bodø. La oss dukke inn i den og ta ei lita byvandring i 1940-, -50 og 60-talets arkitekturhistorie.

La oss sjå på det som sto att

Men la oss først sjå etter dei bygga som var igjen etter bombedagen. På Hundholmen plass, dagens turistkontor finn du to av dei eldste bygga i byen. Og rett over plassen kan ein skimte det gamle Grand Hotell som også vart ståande. Berre den eldre delen av hotellet vart heilt ny. Går du langs Tollbugata vestover går du forbi Sjøfartsbygningen, som stod ferdig som funkis-hus alt i 1937.

Tollboden og Dampskipsgården er steinbygg som overlevde

Nær hundre meter lenger ned i gata kjem du til Tollboden (bak Bussholdeplassen). Det bygget stod ferdig i 1912 med sin karakteristiske «råkopp-stil». Det vil seie at bygget vart oppført i granittblokker av ulik storleik med grovhogd overflate. Om du så vender blikket rundt hjørnet mot sør, mellom det nye Stormen konserthus og Stormen Bibliotek, ser du hjørnet av eit anna hus frå før krigen som vart ståande etter bombene, Saltens Dampskipsselskaps administrasjonsbygg, Dampskipsgården, som stod ferdig i 1931.

Finn ut meir om gjenreisingsbyen Bodø

Bodø vart bomba 27. mai 1940, og 420 av 760 hus vart øydelagde. Difor ble heile sentrum bygd opp att i åra etter krigen. Gjenreisinga var prega av enkle, moderne stilideal, som gjev byen særpreget sitt.

Sentrum i Bodø er sjølve gjenreisningsbyen, så her finn du forretningsgårdar, rådhuset og Bodø domkirke, mellom anna. Husa i Svenskebyen, som grovt sett ligg mellom byen og flyplassen (et kvarter å gå frå sentrum) er ei gåve frå Sverige.

Turistinformasjonen, Visit Bodø, har både ei innhaldsrik heimeside og ein velinformert turistinformasjon.

Gjenreisinga gjekk i fleire fasar

Bysentrum i Bodø vart gjenreist i fleire epokar, men den første mellom 1945 og 59 er den viktigaste vi skal sjå etter. Her finn vi den karakteristiske stilen, slik vi ser det på fasaden til Grand Hotell, men kanskje først og fremst over gata frå hotellet. På hjørnet, langs Storgata og mot Professor Schyttes gate viser Merkurgården(1948) korleis stilen artar seg. Her ser du forretningsgarden med butikk i første etasje og kontor i andre og tredje, og bustad på loftet. Butikkane er prega av store vindaugsflater, med ein glattpussa fasade i datidas mye brukte materiale – betong. Søylene og rammene rundt vindauga er kledd i naturstein.

Høgde og takform var nøye regulert

Som storparten av bygårdane i den gjenreiste byen var det streng regulering av høgda på husa, og det vart av praktiske grunnar brukt saltak og ikkje flate tak. Det siste gjorde at solvinkelen ikkje hindra lys og sol å komme ned i gata, eller inn i husa på andre sida av gata. Saltak var dessutan betre enn flate tak under snøsmelting på vinteren.

Blakstad og Munthe-Kaas pregar gjenreisingsbyen

Arkitektane Gudolf Blakstad (1895 – 1985) og Hermann Munthe-Kaas (1890 – 1977) bygde Merkurgården, men er kanskje mest kjent for to av dei andre bygga som ligg opp på brinken i sør, nemleg Bodø Domkirke og Rådhuset. Når du står ved Merkurgården og ser opp Professor Schyttes gate, ser du rett på kampanilen til det kyrkja som stod ferdig i 1956, til det nyoppretta Sør-Hålogaland bispedømme. Kyrkja vart også bygd i datidas moderne byggemateriale, betong, og med dei store kvelvingane utan berande søyler til å halde dei oppe, er kyrkjerommet stort og opent. Fronten på kyrkja er utforma som ein klassisk italiensk mellomalderbasilika, mens den frå motsett side skiftar totalt ham og blir funksjonalistisk og tidstypisk. På eine langveggen ser ein Nordlandsbiskopen Matthias Bonsach Krogh (1754 – 1828) skode ut over den byen han tok initiativ til å grunnlegge i 1816, mens nordlandspoeten Petter Dass (1647 – 1707) står på motsett side og ser lengtande sørover til sine sambygdingar på Helgeland. Frå kampanilen i kyrkja kan ein høre klokkespelet markere timeslaget med ein eigen song – komponert spesielt for verdas nordlegaste klokkespel i 2015.

Rådhuset er i nøktern og knapp stil

Aust for domkirka ser vi over til det andre viktige bygget frå Blakstad og Munthe-Kaas si hand, nemleg byens rådhus. Det brune bygget har også fått sin kampanile, der det ligg i krysset mellom Torvgata og Kongens gate. Også her er den typiske nøkterne og knappe stilen framheva, med kvalitet i byggematerialet og eit massivt og einskapleg arkitektonisk preg. Ein kan sjølvsagt oppfatte det som kjedeleg og einsformig, eller snu det i meir positiv retning og sjå det som arkitektur med eit samlande, roleg uttrykk.

Det heilskapelege anlegget er inspirert av den romerske byen

Ser ein heile kvartalet under eitt, det vil seie Domkirka, Rådhuset, parkanlegget mellom dei og post- og telegrafbygget i aust, vil ein sjå eit heilskapleg anlegg – ein representant for si tid. Her var byens forum – inspirert frå den romerske byen med sitt administrative og politiske sentrum, med moderne kommunikasjonar, kommunal administrasjon og kyrkja. Plassen har tradisjonelt vore brukt som innkomst for skoletoget på 17.mai i alle år etter krigen.

Naturen er fond for byen

Når du står her oppe på brinken over sjølve agoraen – byens handelssentrum ved torget i Storgata – vil du sjå korleis naturen kring byen er tenkt som ein visuell del av byen. Naturen er allestadsnærverande, og over på andre sida av hamna ser ein Nyholmen, Hjartøyane og over mot Landegode – den mektige øya der ute i nordaust. Snur du deg andre vegen, står Børvasstindan i sør som ein vegg som rammar inn halvøya med den flate byen. Vender du deg mot vest, kan du skimte øyene i Gildeskål, med fjellet Sandhornet og Fugløya. Dette var også ein del av gjenreisningsplanen. Planen skulle syte for sol og lys inn i gateløp, og utsyn mot viktige landemerke i naturen rundt. Samspelet mellom det urbane og det rurale er sentralt. Derfor ser du ofte byfolk på vandring langs kaier og ut til moloen for å kjenne på naturen som ligg der og rammar inn Bodø. Her møter menneske naturen og blir slik ein del av det urbane livet.

Oppdag gjenreisningsarkitekturen!

Går du opp og ned byens sentrumsgater vil du også finne fleire eksempel på gjenreisinga.  Ta ein tur opp og ned Storgata eller Sjøgata og studer Gustav Moe-gården, Jakhelln-gården, Bankplassen med sine to bankbygg Sparebanken og Nordlandsbanken og ikkje for å glømme jernbanestasjonen, som vart bygd opp av raud klinketegl frå Bodø Teglverk. Desse bygga er alle nokså godt bevart, noko ikkje resten av byens gjenreisningsgardar er.

Skifertaka har blitt endra

Eit typisk kjenneteikn på endringane som er gjort i seinare år er utskiftinga av dei gråe skifertaka til fordel for moderne svarte takpanner. På mange tak er det komme arker og takopplett, som heilt har endra kvartalas samlande karakter. Byen hadde ein samanhengande skifertaksarkitektur som no er meir samansett. Men alt dette kan du sjå sjølv viss du drar på oppdagingsferd i gjenreisingsbyen Bodø. Kva med ein tur til Svenskebyen, som vart reist etter bombene fall for å hjelpe folk med bustader?

Gjenreisningsbyane har kvar sin personlegdom

Drar du så vidare til Kristiansund, Molde, Vardø, Vadsø, Kirkenes, Hammerfest eller Honningsvåg kan du dessutan samanlikne byane og sjå kva som er likt og kva som er ulikt. Alle har dei sine karakteristika, sjølv om arkitekturen kan sjå lik ut. God tur!

Steinar Aas er professor i samtidshistorie ved Nord Universitet i Bodø. Han har skrive byhistoriene til både Narvik og Bodø, der gjenreisinga er omhandla, samt ei om luftskipskapteinen Umberto Nobile. Ein av dei mange vitskapelege artiklane handler nettopp om planane for gjenreisinga av Bodø.